top of page

Klubbhandboka

74 resultater funnet med et tomt søk

  • 12 år

    Støtteapparat 1 trenar per 10 spelarar 1 lagleiar På trening, kamp og andre stader der laget er samla skal det alltid vere minst 1 ansvarleg person tilstades av same kjønn som spelarane. Trenaren Kompetanse Politiattest Trenarattest Grasrottrenar delkurs 1 Grasrottrener delkurs 2 Grasrottrener delkurs 3 Meistringsorientert leiing Fokus på fotballglede. Eg skapar tryggleik ved å sjå alle og forsterke det positive Trenarvett Som trenar er eg eit førebilete for spelarane mine. Då er det viktig at eg viser trenarvett både i kamp og på trening. Treninga Tilrettelegging og differensiering Større grad av inndeling etter ferdighetsnivå, men ikkje faste grupper Treningsmengde og ekstratilbod 2 økter på maks 1,5 time i veka Opne treningar for alle som ynskjer å spele meir Hospitering Hospitering kan nyttast som verkemiddel i 12-års klassen. Kampen Kampar og turneringar Uten tabell og rangering Laginndeling Laginndeling ut frå ferdighetsnivå er tillatt, men bør kun nyttast dersom det er formålstenleg Speletid i kamp Alle skal ha tilnærme like mykje speletid Speleform 9ar fotball Fair Play møtet Fair Play møte gjennomførast mellom dommar, kampvert og begge laga sine trenarar i forkant av kampen. Fair Play helsing gjennomførast av spelarane før kampen startar.

  • 10-11 år

    Støtteapparat 1 trenar per 10 spelarar 1 lagleiar På trening, kamp og andre stader der laget er samla skal det alltid vere minst 1 ansvarleg person tilstades av same kjønn som spelarane. Trenaren Kompetanse Politiattest Trenarattest Grasrottrenar delkurs 1 Grasrottrener delkurs 2 Grasrottrener delkurs 3 Meistringsorientert leiing Fokus på fotballglede. Eg skapar tryggleik ved å sjå alle og forsterke det positive. Trenarvett Som trenar er eg eit førebilete for spelarane mine. Då er det viktig at eg viser trenarvett både i kamp og på trening. Treninga Tilrettelegging og differensiering Kan dele inn etter ferdigheitsnivå i deler av økta, men aldri i statiske grupper. Treningsmengde og ekstratilbod 2 økter på maks 1,5 time i veka Opne treningar for alle som ynskjer å spele meir Hospitering Normalt ingen hospitering i denne aldersgruppa, men kan vurderast i særskilte tilfeller med tidleg fysikk- eller ferdighetsutvikling Kampen Kampar og turneringar Uten tabell og rangering Laginndeling Ikkje inndeling ut frå ferdighetsnivå Speletid i kamp Alle skal ha tilnærme like mykje speletid Speleform 7ar fotball Fair Play møtet Fair Play møte gjennomførast mellom dommar, kampvert og begge laga sine trenarar i forkant av kampen. Fair Play helsing gjennomførast av spelarane før kampen startar.

  • 8-9 år

    Støtteapparat 1 trenar per 7 spelarar 1 lagleiar På trening, kamp og andre stader der laget er samla skal det alltid vere minst 1 ansvarleg person tilstades av same kjønn som spelarane. Trenaren Kompetanse Politiattest Trenarattest Grasrottrenar delkurs 1 Grasrottrener delkurs 2 Meistringsorientert leiing Fokus på fotballglede. Eg skapar tryggleik ved å sjå alle og forsterke det positive Trenarvett Som trenar er eg eit førebilete for spelarane mine. Då er det viktig at eg viser trenarvett både i kamp og på trening. Treninga Tilrettelegging og differensiering Kan dele inn etter ferdigheitsnivå i deler av økta, men aldri i statiske grupper. Treningsmengde og ekstratilbod 1 økt på maks 1,5 time i veka Opne treningar for alle som ynskjer å spele meir Hospitering Ingen hospitering i denne aldersgruppa Kampen Kampar og turneringar Uten tabell og rangering Laginndeling Ikkje inndeling ut frå ferdighetsnivå Speletid i kamp Alle skal ha tilnærme like mykje speletid Speleform 5ar fotball Fair Play møtet Fair Play møte gjennomførast mellom dommar, kampvert og begge laga sine trenarar i forkant av kampen. Fair Play helsing gjennomførast av spelarane før kampen startar.

  • 6-7 år

    Støtteapparat 1 trenar per 5 spelar 1 lagleiar På trening, kamp og andre stader der laget er samla skal det alltid vere minst 1 ansvarleg person tilstades av same kjønn som spelarane. Trenaren Kompetanse Politiattest Trenarattest Grasrottrenar delkurs 1 Meistringsorientert leiing Fokus på fotballglede og leik. Eg skapar tryggleik ved å sjå alle og forsterke det positive. Trenarvett Som trenar er eg eit førebilete for spelarane mine. Då er det viktig at eg viser trenarvett både i kamp og på trening. Treninga Tilrettelegging og differensiering Ingen inndeling etter ferdighetsnivå, men tilpass gjerne veiledninga. Treningsmengde og ekstratilbod 1 økt på maks 1 time i veka Opne treningar for alle som ynskjer å spele meir Hospitering Ingen hospitering i denne aldersgruppa Kampen Kampar og turneringar Uten tabell og rangering Laginndeling Ikkje inndeling ut frå ferdighetsnivå Speletid i kamp Alle skal ha tilnærme like mykje speletid Speleform 3ar fotball Fair Play møtet Fair Play møte gjennomførast mellom dommar, kampvert og begge laga sine trenarar i forkant av kampen. Fair Play helsing gjennomførast av spelarane før kampen startar.

  • Ny trenar/instruktør/lagleiar

    Når ein person skal tiltre som trenar/instruktør i Finnås Sportsklubb gjeld fylgjande retningsliner: Gruppeleiar sender informasjon til ny trenar/instruktør om at: Vedkommande må vere medlem i Finnås Sportsklubb, og medlemskontingenten må vere betalt. Stadfesting på at gjeldande rutiner og retningsliner er lest og forstått må sendast til klubben sin politiattestansvarleg. Retningsliner for trenarar Retningsliner for lagleiar Retningslinjer mot seksuell trakassering og overgrep Godkjent politiattest må vere framvist til klubben sin politiattestansvarleg. Når politiattestansvarleg har mottatt informasjon i punkt 1. - 3. sender vedkommande melding om dette til gruppeleiar, medlemsansvarleg og IKT systemansvarleg. Gruppeleiar skal: Introdusere ny trenar/instruktør til klubben og ut frå dette vurdere vidare opplæring trenarkurs opplæring i bruk av klubben sine IT-system introduksjon til klubbhandbok og eventuelt sportsplan Sende rekvisisjon på trenarbekledning til Sport1 Bømlo via klubbhandboka Medlemsansvarleg skal: Verifisere at politiattest er korrekt registrert i medlemssystemet. Verifisere at medlemskontingent er betalt og medlem korrekt linka til NIF. Gje vedkommande tilgong til laget i medlems- og aktivitetssystemet. IKT systemansvarleg skal: Opprette nøklar i låsesystemet. Opprette tilgong i til klubben sine IT-system

  • Idretts­forsikring barn

    Alle barn som er medlem av lag knytt til Norges idrettsforbund og olympiske og paralympiske komité (NIF) eller som deltek i organisert aktivitet i klubbens/regien til laget er forsikra gjennom Gjensidige barneidrettsforsikring. Forsikringa omfattar barn til den datoen dei fyller 13 år. Forsikringspremien blir betalt av NIF som ein del av medlemskontingenten Forsikringsbevis og vilkår 01.01.2025-31.12.2025 Kven forsikringa gjeld: Medlemmer av lag knytte til NIF Deltakarar på idrettsskular godkjend av NIF Barn som ikkje er medlem av lag/klubb som deltek i organisert aktivitet i klubbens/regien til laget. Barn med nedsett funksjonsevne blir også omfatta av forsikringa Flyktningar/asylsøkjarar blir omfatta av dekninga for behandlingsutgifter, sjølv om dei ikkje er medlem av norsk folketrygd Trenarar, leiarar og utnemnde dommarar som hjelper ved organisert aktivitet for barn under 13 år. Forsikringa gjeld i heile verda Kva forsikringa gjeld: Idrettsskade er skade på lekamen som oppstår plutseleg og uventa og som hender i forsikringstida i samband med organisert idrettsutøving. Ulykkesskade er skade på lekamen forårsaka ved ei plutseleg ytre fysisk storhending - ulykkestilfelle - som hender i forsikringstida ved reise og opphald i samband med organisert idrettsutøving. Kvar/når forsikringa gjeld: Forsikringa gjeld under organisert idrettsutøving av den idretten som forsikringsavtalen omfattar, og dessutan under treningsøvingar som naturleg høyrer saman med denne i regi av klubben. Korleis melde frå om ein idrettsskade? Alle skadar må meldast elektronisk. Meld skade her. Skadetelefonen til idretten: All diagnostisering og behandling utover akuttbehandling skal bestillast av Idrettens skadetelefon , utan dette fell retten bort til erstatning. Les meir om Gjensidige barneidrettsforsikring.

  • Retningslinjer mot seksuell trakassering og overgrep

    Finnås Sportsklubb sine retningslinjer for å førebygge seksuell trakassering og overgrep gjeld for alle medlemmer, føresette, støtteapparat og ansatte i klubben. Behandle alle med respekt. Avstå frå alle former for kommunikasjon, handling eller behandling som kan opplevast som krenkjande. Unngå berøringar som kan opplevast som uønska. Unngå alle former for verbal intimitet som kan opplevast som seksuelt lada. Unngå uttrykk, vitsar og meiningar som omhandlar utøvarars kjønn eller seksuelle orientering på ein negativ måte. Søk å ha begge kjønn representerte i støtteapparatet. Unngå kontakt med utøvarar i private rom utan at det er fleire til stades eller det er avtalt med føresette eller klubbleiinga. Vær særskilt bevisst der utøvar og støtteapparat er motsatt kjønn. Ha tydelege avtalar på t.d når støtteapparat kan være i garderobe saman med utøvar av motsatt kjønn. Vis respekt for utøvaren, trenaren og leiaren sitt privatliv. Unngå doble relasjonar. Dersom eit gjensidig forhold blir etablert bør situasjonen takast opp og blir avklart ope i miljøet. Ikkje tilby noko form for motyting for å forlanga eller forvente seksuelle tenester i retur. Alle har ansvar for å gripe inn og varsla dersom ein opplever brot på desse retningslinjene. Støtteapparatet (trenarar, leiarar, tillitsvalde, funksjonærar, dommarar, foreldre mfl.) har hovudansvar for at retningslinjene blir gjorde kjent og blir overhaldne i klubben. Ved overnatting: Det skal alltid vere minst to ansvarlege personar over 18. år pr. lag som overnattar. Minst ein av dei ansvarlege personane skal vere same kjønn som utøverane. Vaksne personar skal aldri overnatte med enkeltutøverar på eige rom (grupperom, hotellrom etc.), uansett kjønn, unntatt når det er den foresatte som overnattar med eige barn. Samtlege personar over 18 år som overnattar saman med utøverar under 18 år skal framvise politiattest i god tid før overnatting finn stad. Dette gjeld og for foresatte som overnattar med eigne barn dersom det samstundes er andre utøverar under 18 år tilstade.

  • Kontroll og utbetaling av utlegg

    Krav om refusjon av økonomiske utlegg skal rettast i utleggsmodulen i Hoopit og godkjennast før det vert sendt til utbetaling. Ein person kan ikkje godkjenne sitt eige utlegg. Dette vil i så fall automatisk bli videresendt til neste nivå. Dersom utleggskravet ikkje er rettmessig eller inneheld feil skal det avvisast med ei grunngjeving. Utstedar kan då korrigere kravet og sende det på ny. Den som godkjenner skal kontrollere: At utlegget er rettmessig i høve til vedtekter, lovar og avtalar At kvart av utlegga har ein gyldig kvittering At summen på kvart utlegg stemmer overeins med summen på kvitteringen Enkelte småutgifter, slik som bompenger, ferjebillett, bussbillett etc. der prisen kan finnast på nettsider etc. treng ikkje kvittering for å godkjennast. Når utleggskravet er godkjent i Hoopit vert det automatisk sendt til økonomisystemet for utbetaling. Når utleggskravet er utbetalt skal økonomiansvarleg merke kravet som betalt i Hoopit.

  • Reiserekning

    Alle rettmessige økonomiske utlegg i samband med reise på vegne av klubben vert refundert etter førespurnad. Førespurnad om refusjon av utlegg skal rettast til klubben på same måte som andre utlegg. Bruk kategorien "Reise"

  • Refusjon av utlegg

    Alle rettmessige økonomiske utlegg på vegne av klubben vert refundert etter førespurnad. Førespurnad om refusjon opprettast i Hoopit, anten i appen eller på nett. Trykk på den raude plussen nederst i høgre hjørne Trykk Utlegg Last opp kvittering på første utlegg Vel kategori Skriv beløp, dato og ein beskrivelse av utlegg Trykk Legg til utlegg Skriv eit passande namn på utlegget og trykk Opprett Legg til fleire utlegg om naudsynt Gå til detaljar og vel rett gruppe Legg til kontonummeret ditt dersom det ikkje ligg lagra på profilen Trykk Lever krav Førespurnaden blir sendt til gruppeleiar for godkjenning. Dersom gruppeleiar godkjenner kravet blir det automatisk vidaresendt til økonomisystemet vårt for utbetaling. Dersom gruppeleiar avviser kravet vil du få melding om dette, samt ei grunngjeving kvifor kravet er avvist, f.eks manglande kvittering. Ingen kan godkjenne sine eigne krav. Dersom førespurnaden kjem frå ein gruppeleiar vil godkjenninga automatisk bli flytta til neste nivå. Normal behandlingstid frå godkjenning til utbetaling er inntil 10 dagar. Trykk på den raude plussen for å opne hurtigmenyen Vel Utlegg Last opp kvittering, vel kategori, angi beløp, dato og beskrivelse. Trykk Legg til utlegg. Trykk Legg til utlegg for å legge inn fleire utlegg i same krav Vel detaljer og verifiser at alt stemmer. Kontonummer vert henta frå profilen din. Trykk Lever krav

  • Styremøte 21.04.2024

    Vedlagt referat samt vedlegg frå styremøte 21.04.2024

  • Styremøte 14.07.2024

    Vedlagt referat frå styremøte 14.07.2024

bottom of page