Klubbhandboka
74 resultater funnet med et tomt søk
- Bruk av fritidskortet
I 2024 får alle som fyller 11 til 15 år i 2024 dekka inntil 2000,- kroner i året til medlemskontingentar/deltakaravgifter til faste, organiserte aktivitetar. Om du treng hjelp til å opprette fritidskortet eller ein brukar finn du informasjon om dette på Bømlo Kommune sine nettsider. Grunna betalingsløysinga som FSK nyttar kan ein ikkje legge inn ein faktura for betaling via Fritidskortet. Ein må nytte funksjonen for refusjon. Har du allereie oppretta ein brukar går du til Aktiv Fritid - Bømlo for å logge inn. Føl rettleiinga du får. Når du kjem til seksjonen for betaling hukar du av for "Jeg har betalt faktura og vil søke refusjon" Som vedlegg må du legge ved to sider frå Hoopit. Gå inn på profilen din anten i appen eller via web-appen. bla deg ned til "Betalingshistorikk" og vel betalinga du skal søkje om refusjon på. Den første skjermdumpen/utskrifta må vise kven du har betalt for og summen du har betalt. Trykk deretter på kvitteringslenke nederst på skjermbildet. Kvitteringen legg du ved som skjermdump/utstkrift saman med skjermdump/utskrift av betalingsdetaljane.
- Retningsliner for utøvarar
Desse retningslinene er felles forventningar til alle utøverane i klubben vår. Retningslinene er forventningar til korleis du som utøvar skal oppføra deg på trening, kamp og elles når du representerer Finnås Sportsklubb. Mobbing er ikkje akseptert – Husk at «Det er lov å bry seg» Sei ifrå om du eller andre vert mobba Respekter kvarandre Ta ansvar for din eigen og andre sin trivsel Vær lojal mot laget og trenarane Vær ærleg ovanfor trenarar og dei andre utøvarane Hjelp kvarandre – still opp for andre Føl klubben sine reglar Godt samhald skapar god lagånd – Stå saman Still opp i god tid på trening og kampar – Gi beskjed om du ikkje kan møta Vis engasjement Vær stolt av eigen innsats
- Retningsliner for trenarar
Som trenar og/eller lagleiar skal du bidra til: Mestring, sjølvstende og tilhøyrsle for utøvaren Positive erfaringar med trening og konkurranse Å fremja eit godt sosialt miljø, lagånd og vennskap At utøvaren skal kunna driva idrett i andre avdelingar samt andre aktivitetar Samarbeid og god kommunikasjon med andre trenarar, leiarar og foreldre Som trenar og/eller lagleiar pliktar du å: Vera eit godt forbilde Møta presist og godt forberedt til kvar trening Væra ein veiledar, inspirator og motivator Bry deg litt ekstra og involvera deg i utøvarane dine Bli kjent med utøvarane sine individuelle mål og opplevingar av treninga Prøva å utvikla sjølvstendig vurderingsevne hjå utøvaren Visa god sportsand og respekt for andre Væra bevisst på at du gir alle utøvarane merksemd Utfordra ein kvar utøvar eller gruppe til å utvikla sine ferdigheiter Innhaldet i treninga skal væra prega av: Ein målretta plan Progresjon i opplevingar og ferdigheiter Stadig nye utfordringar slik at utøvaren flyttar grenser Effektiv organisering God kommunikasjon Sakleg og presis informasjon Kreative løysingar Fleksibilitet ved problemløysing
- Retningsliner for føresette
Til deg som er føresett til utøvar i Finnås Sportsklubb: Respekter klubben sitt arbeide. Det er frivillig å vera medlem i Finnås Sportsklubb, men er du med fylgjer du våre reglar Engasjer deg, men hugs at det er borna som driv idrett – ikkje du Respekter trenaren. Hans/hennar arbeid skal anerkjennast ovanfor borna dine Lær borna folkeskikk, gå føre som eit godt eksempel Lær borna å handtere både medgang og motgang Motiver borna til å vera positive på trening Vis god sportsand og respekt for kvarandre Om du er ueinig snakkar du med den det gjeld – ikkje om Husk at det viktigaste av alt er at borna trivst og har det gøy Hugs at trenarane brukar mykje av si fritid på ditt born
- Fakturering av medlemmer
Medlemsansvarleg fakturerer medlemskontingent og treningsavgift. Medlemskontingent Betaling for medlemskontingent skal opprettast i medlemssystemet gjeldande for perioden 01. januar - 31. desember. Medlemssystemet fakturerer medlemskontingent til eksisterande medlemmer automatisk, og nye medlemmer automatisk ved innmelding. Årsmøtet vedtar medlemskontingent året i førevegen. Treningsavgift Betaling for treningsavgift skal opprettast i medlemssystemet for 2 periodar per år 1.april - 30. juni (halvparten av årsavgifta) 1. juli - 30. november (halvparten av årsavgifta) Medlemmer som deltar på fleire aktivitetar betalar kun ei treningsavgift (den dyraste). Særskilte vilkår: Trenarar og instruktørar er fritatt aktivtetsavgift Elevera frå Bømlo Folkehøgskule får 50% rabatt på aktivitetsavgifta Aktive medlemmer som deltar via klippekortordning betalar ikkje aktivitetsavgift
- Betaling av faktura, utlegg etc.
Kun faktura utstedt til Finnås Sportsklubb skal betalast frå FSK sin konto. Faktura utstedt i ein privatperson sitt namn må eventuelt utbetalast via rutine for refusjon av utlegg. For å redusere moglegheit for svindel er Finnås Sportsklubb sine rutinar for betaling konfidensielle og kun kjent for dei som har behov for det. Betalingsrutinar skal vere kjende for: Leiar Økonomiansvarleg Revisor Systemansvarleg Styret skal vurdere og godkjenne dersom andre treng kjennskap til betalingsrutinar, f.eks dersom nestleiar må tre inn som leiar. Den som skal ha kjennskap til betalingsrutinar i FSK vil få dette frå Leiar.
- Fakturainnstruks
For inngåande faktura til Finnås Sportsklubb gjeld desse retningslinjene: Merk faktura med kontaktperson i FSK (den som bestiller) Send faktura som EHF Finnås Sportsklubb er registrert i ELMA med organisasjonsnummer 987062258. Alternativt, om ein ikkje har moglegheit for å sende EHF faktura kan den sendast på epost til FSK Bilagsmottak finnas-sportsklubb@bilag.fiken.no med kopi til okonomi@sportsklubben.no Unngå å sende faktura i posten. Innstruksen er lagt ved som PDF for bruk ved utsending til leverandør.
- Økonomisk stipend
I Finnås Sportsklubb ynskjer me at alle skal få vere med om ein har lyst. Dersom ein vanskeleg økonomisk situasjon gjer at ein ikkje kan delta på våre aktivitetar har me stipendordning som kan vere eit bidrag. Ein førespurnad om økonomisk hjelp vil bli behandla konfidensielt av styret i klubben. Du vel sjølv korleis du ynskjer å kontakte oss, om det er via telefon, e-post, SMS eller messenger. Du kan søkje om heilt eller delvis bidrag til medlemsavgift, treningsavgift og/eller utstyr.
- Vedtekter
§ 1 Formål Formålet til idrettslaget er å drive idrett organisert i Norges idrettsforbund og olympiske og paralympiske komité (NIF). Arbeidet skal vere prega av frivillig innsats, demokrati, lojalitet og likeverd. All idrettsleg aktivitet skal byggje på grunnverdiar som idrettsglede, fellesskap, helse og ærlegdom. § 2 Organisasjon Idrettslaget er sjølveigande og frittståande med berre personlege medlemmer. Idrettslaget er medlem av Norges Fotballforbund og Norges Volleyballforbund. For reglar om plikta idrettslaget har til å vere medlem av eit særforbund gjeld NIFs lov § 10-1 (4). Idrettslaget er medlem av NIF gjennom Vestland Idrettskrins og er tilslutta Bømlo Idrettsråd. For reglar om representasjonsrett gjeld NIFs lov § 10-3. For reglar om plikta idrettslaget har til å halde regelverket og vedtaka til overordna organisasjonsledd gjeld NIFs lov §§ 2-2 og 2-3. § 3 Medlemmer For reglar om opptak av medlemmer, utmelding, fråtaking av medlemskap m.m. gjeld NIFs lov §§ 10-4 og 10-6. For plikta idrettslaget har til å registrere opplysningar i medlems- og organisasjonsregisteret til idretten gjeld NIFs lov § 10-5 og forskrift om medlems- og organisasjonsregisteret til idretten med utfyllande reglar. § 4 Kjønnsfordeling For reglar om kjønnsfordeling i styre, utval m.m. og ved representasjon til årsmøte/ting i overordna organisasjonsledd gjeld NIFs lov § 2-4 § 5 Generelle reglar om stemmerett, kvalifisering til val, forslagsrett m.m. For reglar om stemmerett, kvalifisering til val og forslagsrett gjeld NIFs lov §§ 2-5,2-6 og 2-7. § 6 Inhabilitet For reglar om inhabilitet gjeld NIFs lov § 2-8. § 7 Vedtaksførleik, fleirtalskrav og protokoll For reglar om vedtaksførleik, fleirtalskrav og protokoll gjeld NIFs lov § 2-9. § 8 Refusjon av utgifter og godtgjering For reglar om refusjon av utgifter og godtgjering gjeld NIFs lov § 2-10. § 9 Regnskap og revisjon m.m. For reglar om rekneskap og revisjon m.m. gjeld NIFs lov § 1-7, 2-11, 2-13 og 2-14. § 10 Årsmøtet Årsmøtet er det høgaste styringsorganet i idrettslaget, og det blir halde kvart år innan utgangen av mars månad. Ordinært og ekstraordinært årsmøte blir gjennomført i samsvar med denne lova og NIFs lov §§ 2-15, 2-16, 2-17, 2-19, 2-20. Oppgåvene til årsmøtet: godkjenne dei som har stemmerett velje dirigent(ar) velje protokollførar(ar) velje to medlemmer til å skrive under protokollen godkjenne forretningsordenen godkjenne innkallinga godkjenne saklista behandle årsmeldinga frå idrettslaget behandle rekneskapen til idrettslaget den økonomiske meldinga frå styret meldinga frå kontrollutvalet eventuell melding frå engasjert revisor behandle saker som kjem fram av godkjend sakliste fastsetje medlemskontingent på minst kr 50 eventuell treningsavgift, eller gi styret fullmakt til å fastsetje treningsavgifter vedta budsjettet til idrettslaget behandle organisasjonsplanen til idrettslaget Velje for 2 års engasjement: styre med leiar, nestleiar, minst tre styremedlemmer herav ein økonomiansvarleg og ein ungdomsrepresentant, og to varamedlemmer kontrollutval med minst to medlemmer og minst éin varamedlem representantar til ting og møte i dei organisasjonsledda der idrettslaget har representasjonsrett, eller gi styret fullmakt til å utnemne representantane valkomité med leiar, minst éin medlem og minst éin varamedlem eventuelt andre val i samsvar med organisasjonsplanen til idrettslaget avgjere om det skal engasjerast revisor til å revidere rekneskapen til idrettslaget Leiarar og nestleiarar skal veljast enkeltvis. Dei andre medlemmene skal veljast samla. Deretter skal varamedlemmene veljast samla. Der det blir valt fleire varamedlemmer, skal det veljast 1. varamedlem, 2. varamedlem osv. For reglar om stemmegivinga på årsmøtet gjeld NIFs lov § 2-21. For reglar om innkalling og gjennomføring av ekstraordinært årsmøte gjeld NIFs lov § 2-19. § 11 Styret i idrettslaget (drettslaget blir leia og forplikta av styret, som representerer idrettslaget eksternt. Styret er den høgaste styresmakta til idrettslaget mellom årsmøta, men visse avgjerder kan berre vedtakast av årsmøtet i samsvar med § 10 (3) og NIFs lov § 2-22. Forvaltninga av, og tilsynet med, alle delar av idrettslagsverksemda høyrer under styret. Styret skal sørgje for: at formålet med idrettslaget blir oppfylt at idrettslagsverksemda og økonomistyringa er forsvarleg organisert at avgjerder fattast i samsvar med regelverket og vedtaket til overordna organisasjonsledd, lova til idrettslaget og årsmøtevedtaket at det blir registrert opplysningar i samsvar med § 3 (2) at det blir utnemnt ein ansvarleg for politiattestordninga, dersom idrettslaget organiserer idrett for mindreårige eller personar med utviklingshemming at det blir utnemnt ein ansvarleg for barneidretten, dersom idrettslaget organiserer barneidrett Styret kan utnemne komitear/utval for handtering av kontinuerlege eller enkeltståande oppgåver, og utarbeide mandat/instruks for dei. Styret skal oppnemne representantar til årsmøte/ting i overordna organisasjonsledd dersom årsmøtet ikkje har valt representantar. Styret skal halde møte når leiaren bestemmer det, eller når minst to av styremedlemmene krev det. § 12 Kontrollutval, valkomité og andre årsmøtevalde organ For reglar om kontrollutvalet gjeld NIFs lov § 2-12. Kontrollutvalet arbeider i samsvar med eigen instruks som er vedteken av årsmøtet. For reglar om valkomiteen gjeld NIFs lov § 2-18. Valkomiteen arbeider i samsvar med eigen instruks som er vedteken av årsmøtet. § 13 Grupper Årsmøtet i idrettslaget kan vedta å opprette og leggje ned grupper, og korleis dei skal organiserast og leiast. Dette blir vedteke i samband med den årlege behandlinga av organisasjonsplanen til idrettslaget, jf. § 10 (3) pkt. 13. Innmelding og utmelding av særforbund krev lovendring, jf. § 2 (2). Dersom årsmøtet i idrettslaget ved behandlinga av organisasjonsplanen har vedteke å opprette grupper med gruppestyre, gjeld følgjande: Kvar gruppe skal ha eit gruppestyre på minst tre medlemmer. Gruppestyret blir valt på årsmøtet eller blir utnemnt av styret etter fullmakt frå årsmøtet. Gruppa bør ha minst eitt årleg møte der gruppa diskuterer økonomien i gruppa og aktiviteten i gruppa, foreslår kandidatar til gruppestyret og dessutan gir eventuelle innspel til saker som blir behandla av styret eller årsmøtet. Gruppestyret konstituerer seg sjølv, med mindre årsmøtet har vedteke noko anna. Gruppestyret fastset ei eventuell årleg treningsavgift innanfor ramma av fullmakt som er gjeven av årsmøtet. Gruppestyret eller representantar for grupper kan ikkje inngå avtalar eller på annan måte forplikte idrettslaget utan fullmakt frå hovudstyret. § 14 Lovendring For reglar om lovendring gjeldNIFs lov § 2-2. § 15 Oppløysing, utmelding osb. Idrettslaget kan vedta oppløysing ved eit einstemmig vedtak om oppløysing på årsmøtet, eller ved å vedta oppløysing med 2/3 fleirtal på to påfølgjande årsmøter, der det etterfølgjande årsmøtet må haldast minimum tre månader og maksimum 6 månader seinare. Samanslutning med andre idrettslag blir ikkje rekna som oppløysing av idrettslaget. Vedtak om samanslutning eller utmelding frå særforbund, og nødvendige lovendringar i tilknyting til dette, må gjerast med 2/3 fleirtal av årsmøtet. For reglar om utmelding og tap av medlemskap i NIF gjeld NIFs lov § 10-2. Ved utmelding eller tap av medlemskap skal eigedelane til idrettslaget som er opparbeidde som ei direkte følgje av medlemskapen til idrettslaget i NIF, gå til eit formål som er godkjent av Idrettsstyret. Ved oppløysing eller anna opphøyr av idrettslaget går overskytande midlar i laget etter avvikling til eit formål som ergodkjent av idrettskrinsen.
- Økonomigruppa
Økonomigruppa har ansvar for medlemsregister og medlemsfakturering ansvar for sponsorkontraktar ansvar for arrangement i klubben sin regi Økonomigruppa skal rapportere til styret utarbeide budsjettforslag for gruppa til styret føreslå tiltak om det er vesentlige avvik frå budsjettet Økonomigruppa er satt saman slik Gruppeleiar Medlemsansvarleg Sponsoransvarleg Arrangementsansvarleg Medlemmer i Økonomigruppa har tilgong til Google Disk (tilgong Økonomigruppa) Intranett (tilgongsnivå Økonomigruppa)
- Årsmøtet
Årsmøtet er laget si øvste myndigheit. Årsmøte vert halde ein gong i året innan utgongen av den månaden som er fastsatt i vedtektene. Protokollen frå årsmøtet skal sendast til idrettsrådet i kommunen og dei særkretsar klubben er tilslutta. Protokollen kan leggjast ut på klubben si internettside. Innkalling til årsmøte skal skje seinast 1 månad før årsmøte vert halde. Innkalling vert annonsert på klubben si nettside. Styret avgjer om det er naudsynt å annonsere innkalling i andre media i tillegg. Innkomne forslag skal vera styret i hende seinast 2 veker før årsmøtet. Sakspapira skal gjerast tilgjengeleg på laget si nettside seinast 1 veke før årsmøtet. Årsmøtet er for medlemmar i laget, det vil seia dei som har betalt medlemskontingenten. Foreldre/føresette har ikkje fullmakt til å stemma for medlemmer under 15 år. Årsmøtet legg grunnlaget for styret sitt arbeid og alle som ynskjer å vera med å bestemma korleis laget skal drivast bør stilla på årsmøtet. Årsmøtet skal gjennomførast slik det er fastsatt i vedtektene § 14 - § 19
- Styrets funksjon og samansetning
Styret er satt saman slik: Leiar, vert vald for 2 år Nestleiar, vert vald for 2 år Økonomiansvarleg, vert vald for 2 år Styremedlem 1, vert vald for 2 år Ungdomskontakt, vert vald for 2 år 1. Varamedlem, vert vald for 2 år 2. Varamedlem, vert vald for 2 år FSK blir leidd og forplikta av styret, som representerer FSK utetter. Styret er det høgaste styringsorganet i FSK mellom årsmøta. Styret skal halde møte når leiaren bestemmer det eller minst to av styremedlemmene krev det. Styret skal blant anna (jmf. §20 i vedtektene): setje i verk regelverk og vedtak som kjem ifrå årsmøtet og overordna organisasjonsledd. sjå til at midlane til FSK blir brukte og forvalta på ein varsam måte i samsvar med dei vedtaka som er gjorde på årsmøtet eller i overordna organisasjonsledd, og sørgje for at FSK har ei tilfredsstillande organisering av rekneskaps- og budsjettfunksjonen og ei forsvarleg økonomistyring. nemne opp komitear/utval og utarbeide mandat/instruks for desse. nemne opp ein ansvarleg for politiattestordninga og ein ansvarleg for barneidretten. nemne opp representantar til årsmøte/ting i overordna organisasjonsledd dersom årsmøtet ikkje har valt representantar. rapportere organisasjonsdata i samsvar med krav fastsette av Idrettsstyret. Styret har og ansvar for oppdatering og revisjon av klubbhandboka, samt syte for at denne er kjend for klubben sine styrande organ og medlemmer.

