top of page

Klubbhandboka

74 resultater funnet med et tomt søk

  • Organisatoriske målsetjingar

    Ansvars- og oppgåvefordelinga mellom klubben sine styrande organ og dei forskjellige gruppene må vera klare og ikkje levna noko tvil. Det må leggast vekt på å gje tillitsvalte, leiarar, intstruktørar og trenarar kontinuerlig informasjon om dei vedtak som vert fatta i styret og forskjellige utval samt informasjon om resten av arbeidet som går føre seg i klubben slik at nemnte personar er godt informert om klubben sin samla aktivitet. Også ovanfor medlemmer bør ein søkja å gi god informasjon om klubben sin samla aktivitet. Det må vektleggjast at tillitsvalte, leiarar, instruktørar, trenarar og medlemmar elles er kjent med klubben sine vedtekter, klubbhandbok og resten av dei styrande dokumenta, samt dei målsetjingar og haldningar som klubben står for. Ein må sørgja for at tillitsvalte, leiarar og trenarar får moglegheit til å kvalifisera seg til oppgåvene og blir gitt anledning til å utvikla seg. Ein må ha eit målretta og kontinuerlig arbeid med rekruttering av born og ungdom.

  • Overordna målsetjing

    Finnås Sportsklubb har som målsetjing å aktivisera flest mogleg born og ungdom i krinsen gjennom dei sportslege aktivitetane som laget tilbyr. Den overordna målsetjinga er å skapa eit sunt og godt miljø for born og ungdom under mottoet «Det er lov å bry seg.» Finnås Sportsklubb har og som mål å kunna tilby organisert idrett og/eller trim for dei som ikkje kjem inn under målgruppa «born og ungdom.» Me skal søkja å ha minst eit senior fotballag i eit divisjonsystem. Sjølv om fotball er den største idrettsgreina i Finnås Sportsklubb skal klubben leggja til rette for andre aktivitetar som til dømes aerobic og zumba. Arbeidet skal pregast av frivilligheit, demokrati, lojalitet og likeverd. All idrettsleg aktivitet skal byggje på grunnverdiar som idrettsglede, fellesskap, helse og ærlegdom, jmf. vedtektene §1.2.

bottom of page